Eg bur ute på bygda. Mitt bygdedyr bur i golvet i første etasje, trur eg, men eg høyrer det berre når eg sjølv er musestille, t.d. når eg les Knausen eller Nesbøen eller prøver å lura litt etter middag, og eg har aldri sett det, men veit at det er mykje tyngre enn mys og har klør som skrapar som negler på celledører når det flyttar seg panisk fort mellom golvbjelkar og golvlag. Eg trur det er heilt aleine, for det blir aldri fleire lydar enn det eitt dyr klarer å laga. Det er altså heilt innstengd. Stakkars dyret.
Tor Jonsson plasserte bygdedyret midt i hjarta hjå alle andre enn dei som var annleis ute på bygda. Kvifor unntok han dei som var annleis? Hadde dei ingen fordommar dei? Er det å vera annleis enn fleirtalet ein garanti for at ein tenkjer “rett” og fordomsfritt? Hah! Ibsen prøvde seg på den i “En Folkefiende”, etter Nietzchemetoden, og den bit eg ikkje på!
Kanskje bur bygdedyret mitt eigentleg i uthuset, men at kulda og snøen og einsemda og alt dette andre bygdeaktige har tatt rotta på heimvegen dit, og så er det fanga her i golvet mitt. Stakkars dyret.
Forresten har det ikkje gitt lyd frå seg i dag.
