No er det bevist. Det går an å ikkje sjå skogen for berre tre. Eller heiter det å mista fokus? Når eg tenkjer på det, så er det eigentleg kvart enkelt tre som er interessant og/eller vakkert, gult, grønt, raudt, sevjefylt, bevergnagd, god ved, frodig og godt å klatra i. Er skogen i det heile interessant, anna i det at han ER der (elles er det farleg for ozonet) eller IKKJE ER der (fytti: då eroderast og kvelast alt i CO2), for andre enn sunne ungar som leikar indianarar eller swingar bjørker eller fuglar og ekorn og barkebiller? Tenk deg EITT tre. Det blir då uråd å ikkje tenkja på kva slag tre det er (furu, eucalyptus, redwood, bjørk) når ein skal SJÅ det for sitt indre auga. DETTE treet er ei bjørk. Det har gode, faste greiner i nett fin avstand heilt til 20-meterstopps frå omlag kvinnshøgd (med unntak av EI merkeleg grein som stikk ut ved midja: den er til å lufta sengetøy og ryer på og til å gje korte menneske ein sjanse til å få starta klatreturen. Aha1! No ser du alt at denne bjørka står attmed eit hus! Er det eit gamalt hus, sidan det har ryer inni seg som vil luftast?). Denne bjørka er den første som blir grønsløra om våren. Den er også den første som raust drysser gult over plenen på seinsommaren. Aha2! Står den på steingrunn? Er det derfor telen ikkje har heilt tak i røtene på våren og der ikkje er vatn nok lengje nok i augustvarmen? No på vinteren er sjølvsagt bjørka luftig, rank, svart-kvit og enkel å klatra i til alle døgrets tider. God utsikt får ein også her i toppen og både godt mobilsamband og godt breidband: mot nord har ein i knallkulde nesten alltid nordlyset i flimrande gulkvite teppe; mot nordvest ser ein snøkanonene virilt i sky; mot vest er der gatelys langs E-vegen og endelause rekkjer av tungtransport; i aust meir lyd enn lys: i kveld var der tunge tramp av firfotingar der nede og dei kom frå åsen først. Det er litt rart, eigentleg, for dei plar berre koma når alt vatn er frose oppi åsen, ned hitforbi til elva og vatnet for å drikka. Dei stansa og trampa utanfor sove/arbeidrommet, som om det var ei rute dei har: hei, er du der? Her er me! I kveld høljregnar det. Bjørka er pinnfrosen. Det har eg ikkje tenkt på nokon gong, at det skjer i bjørker også, som i bakken: det er botnfrose her. Ganske mange gode trøkvistar knakk. Etter at regnet kom, er det blitt nokså glatt, spesielt på dei større greinene, nett som på tunet. Den til ryene er sikkert heilt glasert. Skal tru om salt hadde skadd bjørka? Sand hadde sikkert ikkje vore til skade, men den hadde nok berre rausa i bakken, 20 meter ned, heilt unyttig og berre til skade for Hondagrasklypparen til sommaren. Laika lurer nok på vedhentinga no, eller kanskje ikkje. Eg gav henne 2 Rimadyl i stad, for ho gikta så fælt, så kanskje ho søv. Ho har aldri klatra i bjørka, ikkje det eg veit, ikkje fysisk, men kanskje ho har vore her i tanken sin? Første Laika i Bjørka! BjørkeLaika! Kattar klatrar jo? Regn kan også vera ganske kaldt, midt i varmegradene. Viss bjørka hadde vore botnfrosen, hadde den nok vore død, og det har eg sett mange gonger at den ikkje er likevel. Der finst sikkert ein liten varme inni stammen der, ein liten stråleomn som fortel bjørka at det står til liv. Viss eg klorar og grev litt, t.d. der som det visst har vore ein kvist før, så finn eg den nok. Omnen. Livet. I bjørka.